torsdag 7. mai 2009

Alle bør ha Allen dilla

Kan du sjå føre deg at det går ann å sei dei brutale orda "Fuck you" på ein søt måte?
-Neppe!
Eg trudde heller ikkje at det gjekk ann før eg fekk høyre Lily Allen sin nye sang. For min del har ho no overgått seg sjølv og nådd nye høgder. Den nye låta, "Fuck you" er desidert den beste låta eg har høyrt frå ho.
Det høyrest ut som den glad sangen, og det er kanskje litt rart når du ser på låtnavnet?
Men Lily går sin eigne vegar og gjer det folk ikkje forventa, ho syng fuck you på den søtaste, snillaste måten ein kan tenkje seg.
Dette blir nok sommerens landeplage, og eg er glad for det :)

Hurra for Allen!
For deg som endå ikkje har høyrt låta, eller berre for å høyre den ein gong til, trykk på linken under:

http://www.youtube.com/watch?v=IpZm1TstpjQ Enjoy! :)

Valmoglegheiter er viktig

Valmoglegheiter er viktig i dagens samfunn, men har vi gått over streken?

"Skal vi ta shoppingen på rema nr. tre?"Noko seier meg at denne setninga lyder heilt feil, vertfall med tanke på at eg kjem frå den lille byen Førde, med omlag 11 000 innbyggjarar, men det er faktisk tilfelle. Vi har tre forskjellige Rema 1000 butikkar.

Ja, kvifor ikkje? Tenk om dei går tomt for bringebærsylte på rema nr.1? Då kan ein jo berre svippe innom rema nummer to, og kjøpe der. Og kanskje du i farta gløymde å kjøpe med deg tannkrem, då er det bra at rema nr.3 er like rundt hjørnet.

Eg synst det er heilt banalt at vi skal ha så mange rema 1000, og som om det var det einaste. I tillegg til desse tre rema butikkane har vi 2 coop, 2 ica, 1 rimi, 1 bunnpris og 1 spar.Treng vi verkeleg dette, folkens?

Det er ikkje lenge sidan både Kiwi og Drageset spar gjekk konkurs. Men nye matvare butikkar poppar stadig opp. Kva får dei nye til å tru dei kan overleve noko lengre enn dei andre?Handlekorger med varer på dato sal står i dei fleste av butikkane. Får dei ikkje solgt ut varene sine før dei går ut på dato?

Kanskje det er på tide at ein av dei tre rema 1000 blir omgjort til f.eks. ein Gina Tricot? :)
Det hadde vertfall funka veldig bra for meg!

Sorry, eg har ikkje tid!

Kva gjer ein når døgnets timar ikkje strekk til? Kva gjer ein når ein skulle vore 3 plassar på ein gong? Eg har endå ikkje funne svaret på desse spørsmåla, og eg er ikkje aleine om det, trur eg.

Stress, stress, og atter stress!Plikter kaller i øst å vest. Har ein påtatt seg monge oppgåver, har ein automatisk påtatt seg mykje ansvar. Har ein mykje ansvar er det lett å føle at ein ikkje får gjort ting 100%. Ansvar fører til at folk har forventinga til deg. Strekker ein ikkje til føler ein at ein har skuffa folk. Skuffer ein folk føler ein seg elendig.

Ting ein har lyst til kjem no i andre rekke. Plikter og ting ein gjere kjem først.Då saknar ein den tida ein var liten, då ein kunne springe ute og rulle ned grasbakkane utan ein einaste bekymring og livet berre var ein leik.


(Kira Alexandra. Foto: Lene Nordbotten)

Noken gonga kunne eg ønske eg berre var ein liten unge igjen.

onsdag 6. mai 2009

Kva skjer?

Snøen har smelta, graset er grønt, soft-isen er tilbake for sal
Bobblejakka er lagt til sides, skisko og stavar er no på loftet
Solbrillene er på, når sola titter fram
Ein god følelse straumar gjennom kroppen, eg er lettare på eit vis.
Eg går ut i den friske lufta, trekker pusten og kan endeleg sei: Det er vår!




(foto: Lene Nordbotten)



Kva synst du om denne tida? :)

Reddar Facebook deg?

Spør deg sjølv: Reddar facebook meg på noko slags måte?
Då snakkar eg ikkje om å redde dine behov for å sosialisere deg med andre på nettet, men alle dei utallige gruppene som eksisterer der inne. Kanskje du får mange gruppe-invitasjona kvar dag, og du er berre dritt lei av alt som kallast grupper. Men det er faktisk ikkje så dumt å engasjere seg i dei gruppene som intresserer deg, for her blir vi faktisk sett og hørt utan å gjere noko stort hokkus-pokkus! Ein av desse gruppene redda vertfall meg i går. :)

Eg har over lenger tid vore engasjert i forskjellige grupper, alt for monge vel og merke, på nettopp facebook. Det er eit hav av grupper der, og det er berre å plukke dei som passar til deg sjølv, og dine behov. Gruppa eg verkeleg har brent for er "Vi som savner Drillo-isen". Og om du er ein av dei heldige som smakte den då den var for sal i butikkane for nokre år tilbake, veit eg du er einig med meg. Kven kan vel motstå karamell-dekt vanilje is med sjokolade-crisp kuler i? :D

(Bilete er henta på drillo-isen si facebook-gruppe)

Eg blei med i gruppa og inviterte alle mine venar i håp om at det skulle få vidunder isen tilbake i Diplom-is sine fryseboksar. Heldigvis for meg var eg tydelegvis ikkje aleine om å sakne Drillo-isen, og det tok ikkje lang tid før gruppa nådde det noverande medlems-talet på 14 736 personar, og takka vere dette var endeleg i går min sårt sakna is tilbake. VERY-HAPPY-FACE!

Det stoppar ikkje her! Facebook har også vore med på å fått Urge brusen på 1,5 liters flasker, Redbull til Norge, soft-is tilbake på kroa i Askvoll, og mykje mykje meir. Det er berre å engasjere seg, og saman får vi ting til å skje :)

tirsdag 5. mai 2009

Guess what?

Lene har endeleg somla seg til å lage ein header! :D
Kva synst du om den?

søndag 3. mai 2009

03.Mai 2009

No eg er endelig heime etter ein 8 timars seeig biltur. P4 fann ut at dei skulle terrorisere meg med tenke-sangar på vegen.
"Kvifor ikkje berre bytte kanal?" Tenkjer du sikkert, men når eg først er truffen av "tenke-musikken" er det som om eg er fanga.

Tenke-musikken er den musikken som treff deg midt i hjarte-rota og du føler at sang-teksten er skreve om og for deg, og ditt liv. Tenke-musikken kjenner du deg igjen i. Den kan gjere deg glad, men og trist, (I mitt tilfelle lengselsfull) det spørst kass minner du forbinder sangen med. Det er vel ikkje berre eg som har opplevd at radioen spiller sanger, bare for deg?


Det har vore meir enn D-E-I-L-I-G med ei helg avkobling. Å Komme seg vekk frå alt stress og mas heime. Slappe av og sove lenge har eg verkeleg trengt, men no kicka realityen inn for fullt.Veka som kjem meg i møte er full av:
Prøver, innleveringar, refleksjonsnotat, jobb, lage koreografi, selge bilettar, dans, jobbing med ungdomslokalet. Alt har sopa seg inn i ei veke og ligger alt ligger oppi hovudet mitt og presser på til eg blir gal!
Ønsk meg lykke til, eg vil trenge det.. :

Natta :)